HALLAN

Reglar

Sist oppdatert 03.07.2023

Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på reglane.

Samtykke til reglane


Her finn du reglane til HALLAN. Ved kjøp av billett har du lest, forstått og godkjend reglane. Brot på reglane kan resultere i ei åtvaring, i verste fall bortvising eller nekta tilgang til andre arrangement.

Aldersgrense og samtykkeskjema


For å delta på arrangementet må du fylle 13 år i 2023. Skal du vere med på arrangementet og er yngre enn 16 år må du fylle ut eit samtykkeskjema. Vil du vere med og ikkje fyller 13 år det året arrangementet er, MÅ du ha følge/foreldre/verge som er over 21 år. Er du under 16 år kan du sende oss samtykkeskjema på mail eller skrive, fylle det ut, og ta det med til oss fysisk på LAN-et. Vi er pålagt av myndigheitene å sørgje for at alle deltakarar under 16 år har med seg skriftleg løyve frå forsette til å delta på arrangementet. Mindreårige deltakarar som ikkje har løyve er vi dessverre nøydt til å avvise.

Ansvar for eige utstyr


Hugs at kvar enkelt deltakar er ansvarleg for sitt eige utstyr. Øydelegg ein noko må ein betale. HALLAN kan ikkje stillast til ansvar om noko blir øydelagt eller fråstole. Me tilrår å ha med ein bag/sekk til å ta med diverse småting med tanke på om ein forlet pulten for å sova, trekka frisk luft eller liknande. Tjuveri kjem me til å slå hardt ned på! Me kjem til å ekstravakter på vakt om natta. Om det skjer tjuveri vert politi varsla, og det blir i tillegg rapportert til andre LAN i området.

Soving


Den andre halvdelen av Storstova vil bli nytta til sovesal om natta. Her går det an å ta med madrass og sovepose for å sove (OBS ikkje ta med store madrasser grunna begrensa med plass). Det er tillatt og sova i lettere bekledning (t-skjorte eller singlet, shorts og barfot). Mindre enn dette er ikkje tillatt. Det vil være vakter som ser til at det er ro og mørkt i sovesalen. Det er også tillatt å sove i stolen på deltakaren sin tilviste plass, så lenge du ikkje sperrar rømningsvegane eller vere til hinder for andre.


Nulltolleranse


HALLAN er eit rusfritt arrangement! Dette vil seie at desse tinga her kjem me til å ha nulltolleranse på:


  • Bruk av narkotiske stoff

  • Nyte alkohol

  • Røyking og vaping innendørs



Vi har også nulltolleranse på:


  • Tjuveri (vil bli politianmeldt)

  • Bruk av vold

  • Ha samleie

  • Å øydeleggje utstyr som blir nytta eller blir brakt med på HALLAN

  • Å ikkje respektere ro i sovesalen

Refundering av billett


Me refunderer ikkje billetter, men dei kan bli solgt videre til samme pris og endra namn på deltakar, kostnadsfritt. Send oss ein email med registreringsinformasjon så fikser HALLAN dette.

Billett armband


Når du har fått billett og blitt registrert får du eit billettarmband. Kvar gong du kjem inn vis alltid båndet uoppfordra til vaktane. Ikkje riv av båndet, dette er ditt bevis på at du er deltakar på arrangementet.

Ikkje ta med:


  • Kjøleskap - Dette tek mykje plass og mykje straum. (USB-fridge er tillatt så lenge det ikkje tek opp meir plass en det ein har fått utdelt)

  • Mikrobølgeomn eller vasskokar - Dersom du har med mat som du vil laga til med mikrobølgeomn eller vasskokar, så har vi dette tilgengeleg på arrangementet.

  • Høgtalarar - det vert mykje bråk om alle har med seg eigne høgtalar

Fann du det du leita etter?

unsplash